Viktig rettleiing om bruk av miljøpåstandar i marknadsføring av klær og tekstilar.

Viktig rettleiing om miljøpåstandar til tekstilbransjen

Norske og nederlandske forbrukarmyndigheiter har publisert eit rettleiingsdokument om bruken av verktøyet Higg MSI i marknadsføring. Tekstilindustrien nyttar Higg Material Sustainability Index (MSI) for å vise forbrukarar informasjon om korleis ulike tekstil påverkar miljøet.

Rettleiinga er basert på myndigheitane si tolkning av gjeldande EU-rett, men er ikkje eit juridisk bindande vedtak.

Våren 2022 undersøkte Forbrukartilsynet korleis ein stor norsk klesprodusent nytta verktøyet Higg MSI i forbrukarretta marknadsføring.

Higg MSI er utvikla av the Sustainable Apparel Coalition (SAC) som ein del av den såkalla Higg-indeksen. Higg MSI er eit verktøy som skal måle korleis ulike tekstiltypar påverkar miljøet. SAC lar næringsdrivande bruke data frå Higg MSI som grunnlag for miljøpåstandar i marknadsføring.

Etter å undersøkt marknadsføringa frå den norske klesprodusenten, konkluderte Forbrukartilsynet med at data frå Higg MSI ikkje var tilstrekkeleg grunnlag for miljøpåstandane i marknadsføringa. Marknadsføringa var difor villeiande, og i strid med markedsføringsloven. Markedsføringsloven er basert på EUs handelpraksisdirektiv om urimeleg handelspraksis. Miljøpåstandar som er basert på data frå Higg MSI kan difor fort vere ulovlege både i Noreg og i resten av EU/EØS-området.

No har Forbrukartilsynet og nederlandske Autoriteit Consument & Markt (ACM) sendt eit felles rettleiingsdokument om bruken av Higg MSI i forbrukarretta marknadsføring til SAC.

Problematiske gjennomsnittstal

Etter undersøkinga av marknadsføringa frå det norske selskapet fann Forbrukartilsynet mellom anna at det var problematisk å nytte globale gjennomsnittstal som dokumentasjon for produktspesifikke påstandar. I rettleiingsdokumentet skriv Forbrukartilsynet og ACM at når slike tal blir nytta i marknadsføring, skal det vere tydeleg for forbrukarane at det er nett globale gjennomsnittstal det dreier seg om. Det må komme klart fram av marknadsføringa at tala ikkje er knytte direkte til det spesifikke produktet som blir marknadsført.

Dei to forbrukarmyndigheitene ber SAC om å hente inn ein uavhengig tredjepart som skal gå gjennom både datasgrunnlaget og metoden Higg MSI byggjer på. SAC må sikre at globale gjennomsnittstal som blir lagt fram for forbrukarar byggjer på representative og oppdaterte data.

Når næringsdrivande nyttar Higg MSI-data i forbrukarretta marknadsføring, må det komme klart fram i marknadsføringa at tala berre gjeld påverknad innan spesifikke kategoriar. Det må vere klart for forbrukarane kva miljøpåverknad som ikkje er inkludert i talmaterialet som blir presentert.

«Cradle to gate»

Higg MSI er basert på ei såkalla «cradle to gate»-vurdering. Tala frå verktøyet skal vise miljøpåverknaden frå råmaterialane til eit stoff blir dyrka eller laga til stoffet er klart til bruk i eit plagg. Det betyr at Higg MSI ikkje måler miljøpåverknaden gjennom heile livsløpet til eit stoff eller produkt («cradle to cradle»). Dette vil ikkje vere sjølvsagt for ein gjennomsnittleg forbrukar. Difor må SAC òg gjere det klart for forbrukarane kva omgrepet «cradle to gate» tyder.

Higg MSI lar ikkje dei næringsdrivande samanlikne miljøpåverknaden frå forskjellige typar tekstil i marknadsføringa. Det er berre mogleg å samanlikne ein såkalla «føretrekt» material med den «konvensjonelle referansematerialen». Til dømes kan ein samanlikne økologisk bomull med konvensjonell bomull, eller resirkulert polyester med nytt polyestermateriale. Dette må òg komme klart fram, elles kan forbrukarane bli villeia til å tru at det er gjort ei samanlikning av korleis fleire ulike stoff påverkar miljøet.

Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet

Viktig rettleiing for heile industrien

Det heile starta med ei undersøking av marknadsføringa til ein norsk produsent av klede og friluftsutstyr. Resultatet har blitt eit viktig rettleiingsdokument for heile tekstilindustrien. Mange selskap i bransjen nyttar Higg MSI eller liknande verktøy, både når dei vel stoff til kleda dei lagar, og som dokumentasjon for miljøpåstandar i marknadsføring. Difor bør alle næringsdrivande i bransjen lese rettleiingsdokumentet dersom dei ønskjer å inkludere miljøpåstandar i marknadsføringa si.

Rettleiinga kan òg komme til nytte for næringsdrivande i andre bransjar som nyttar miljøpåstandar i marknadsføring. Dette gjeld spesielt dei som baserer slike påstandar på globale gjennomsnittstal.

Må kunne dokumentere miljøpåstandane

– Alle næringsdrivande må kunne dokumentere miljøpåstandane dei presenterer i forbrukarretta marknadsføring, seier direktør i Forbrukartilsynet, Trond Rønningen.

– Så lenge du kan dokumentere påstandane dine, og du presenterer bodskapet ditt på ein klar og tydeleg måte som den gjennomsnittlege forbrukaren kan forstå, vil du sannsynlegvis ha ditt på det tørre.

(Pressemelding)

Powered by Labrador CMS