Målrosa for nynorsk i senteret

– Dette var veldig kjekt og inspirerande, sa senterleiar Åge Torsvik då han på vegner av Knarvik Senter mottok målrosa, ein pris for god bruk av nynorsk. Det skriv avisa Strilen.

Publisert

– Denne er for god nynorskbruk i marknadsføringa, sa Astrid Namtvedt Sylta då ho på vegner av Alversund mållag overrekte målrosa til senterleiar Åge Torsvik. Ho trekte spesielt fram eit annonsevedlegg Knarvik Senter hadde i Bergens Tidende i sommar. – Det var fantastisk flott, både med nynorsk tekst og fantastiske bilde frå distriktet. Måtte det bli fleire slike, seier ho.

Har kjøpt ordbok

Og det skal det ifølgje senterleiaren bli. Han har kjøpt inn nynorsk ordbok og har begynt å laga både senteravisa og alle annonser på nynorsk, fortel han. Men han presiserer at dei kanskje har synda litt med å halda seg blant anna til lørdag i staden for laurdag og åpent i staden for ope.

– Me ønskjer å liggja nærast den talemåten folk flest har rundt her, og det er ikkje mange som seier laurdag og ope, seier han. Dette er ikkje mållaget sin utsending utan vidare heilt einig i, men synest likevel dei har fortent rosa, ikkje minst med tanke på planane senteret har for 2011.

Meir strilekultur og humor

Då skal lokal strilekultur vera tema i senteret.

– Med Medaas-statuen på plass, synest eg det er heilt naturleg å ta i bruk meir strilehumor, strilekultur og språk i senteret. Det trur eg blir veldig bra, smiler Torsvik lurt.

Fjerde rosa

Dette er fjerde målrosa Alversund mållag deler ut. Dei første som fekk, var klesbutikken Møre Konfeksjon i Knarvik Senter, no More Woman.

Powered by Labrador CMS