Svanemerket skjerper kravene til tekstilindustrien

Nye krav til svanemerking av tekstil

Fleire og fleire spør etter meir berekraftige klesplagg, men det er ofte vanskeleg å vite kva ein skal sjå etter. Svanemerket reviderer no krava til tekstil og ønskjer hjelp frå alle interesserte.

Publisert

Svanemerket er det offisielle miljømerket i Norden og har gjort jobben slik at folk lettare kan velje miljøvennlege plagg ved å sjå etter Svanemerket.

No reviderer vi i Svanemerket krava våre til tekstil, og forslag til nye krav er ute på høyring. Vi vil gjerne ha kommentarar både frå personar og verksemder som vil hjelpe oss å lage gode krav. Gå inn på svanemerket.no for å lese forslaga og kommentere.

Dei viktigaste områda vi stiller krav på, er biologisk mangfald, kjemikaliar, klima, forsvarlege arbeidsforhold og sirkulær økonomi. Vi ser på korleis tekstil påverkar miljøet heile vegen frå ein bomullsplante står på åkeren eller polyester blir framstilt frå olje, via produksjonen av tekstil på fabrikkane til eigenskapane ved bruk og kva som skjer når eit plagg er utslite.

Lengre levetid

Folk blir fort misnøgde dersom ei ny bukse eller skjorte nuppar eller går sund etter at dei har brukt ho nokre få gonger, og dei må kjøpe nytt. Og det er slett ikkje bra for miljøet. Det beste er om verda produserer og forbruker mindre tekstil. I tillegg må dei kleda som skal lagast, vere av god kvalitet slik at dei blir godt brukte, samstundes som dei er laga så miljøvennleg som råd. Derfor vil Svanemerket no skjerpe krava. Vi har blant anna laga nye krav til slitestyrke for både yrkesklede, friluftsklede og møbeltekstil, og vi krev at produsentane må ha råd om sjeldnare vask på merkelappen inni plagga. Å lage hol i kleda eller steinvaske jeans blir ikkje lenger lov. Dessutan kan klede som ikkje er selde, heller ikkje brennast eller sendast på søppelfyllinga.

Krav til alle fibertypar

Svanemerket stiller krav til alle dei vanlege fibertypane, som ull, bomull, viskose, nylon og polyester, i tillegg til silke. Syntetiske fibrar utgjer ein stor del av marknaden for tekstil og kan brukast på område som naturlege fibrar ikkje dekker fullt ut. Derfor meiner vi det gir størst miljøeffekt å stille krav som bidrar til at både syntetiske og naturlege tekstil belastar miljøet minst mogleg.

Resirkulert eller økologisk

Ingen annan vekst i verda blir sprøyta så mykje med forureinande kjemikaliar som bomull. Vi foreslår derfor at bomull i svanemerkte klede enten skal vere resirkulert eller hundre prosent økologisk. I økologisk dyrking er det ikkje lov å nytte syntetiske sprøytemiddel, og bøndene må drive jorda på ein måte som tek vare på jordsmonnet og plante- og dyrelivet i landskapet. Til yrkesklede og til sengeklede og handdukar til hotell og sjukehus er det nok at bomulla er sertifisert etter standardane Better Cotton Initiative, Cotton made in Africa eller FairTrade. Alle desse standardane forbyr dei mest skadelege sprøytemidla og krev at bøndene sprøytar mindre.

Ulempa med syntetiske fibrar er at dei er laga av fossilt råstoff, som ikkje er fornybart, og at det går med mykje energi samstundes som produksjonen forureinar. Vi foreslår no at alle syntetiske fibrar som nylon og polyester må vere resirkulerte, slik at råmateriale som allereie er vunne ut, blir brukt om igjen. Resirkulert polyester kan lagast frå plastflasker som ikkje lenger kan nyttast til nye flasker, eller frå klede som blir rivne opp til enkeltfibrar og spunne på nytt. Innan resirkulering av tekstil skjer det no ei stor utvikling, så her er det mykje å hente.

Strenge kjemikaliekrav

Vi har skjerpa kjemikaliekrava i alle produksjonsprosessane både av omsyn til miljøet og til helsa til arbeidarane og dei som skal ha kleda på. Enten det gjeld spinning, farging, vasking eller etterbehandling, forbyr vi kjemikaliar som er kreftframkallande og skadelege for forplantningsevna eller gir mutasjonar i arvestoffet. Andre kjemikaliar vi ikkje tillèt, er alle typar fluorstoff, ftalat, visse siloksan, nanopartiklar og tungmetall, hormonforstyrrande stoff og visse stoff som er giftige og hopar seg opp i levande organismar. Resirkulerte materialar skal testast for skadelege kjemikaliar.

Mikroplast

Svanemerket ønskjer òg å stille krav som avgrensar utslepp av mikroplast frå syntetiske tekstil. Førebels finst det ikkje standardiserte metodar for å undersøke slik mikroplast, men så snart dette er på plass, og vi veit meir om kva tiltak som monnar, ønskjer vi å stille krav som reduserer utsleppa.

Ull og superwash

Eit anna omdiskutert emne er såkalla superwash av ull, ei behandling som gjer at ullplagga ikkje krympar når dei blir vaska. Ofte blir det brukt klor og deretter eit plastbelegg rundt ullfibrane. Som før ønskjer vi å forby klor i ullbehandling fordi det kan danne miljøskadelege forbindelsar. Andre metodar for å unngå krymping finst dessutan. Dersom ulla skal få eit belegg, vil vi no stille krav om at belegget skal kunne brytast ned i naturen. Mulesing, å skjere bort hudstykke rundt halen på sauen, blir sjølvsagt framleis forbode.

Energi

I produksjonen av tekstil går det med mykje energi, og vi har derfor foreslått at fabrikkane må ta i bruk teknikkar som reduserer energiforbruket. Det kan for eksempel vere isolering av røyr og maskinar eller gjenvinning av varme.

Etikk og arbeidsforhold

Som før stiller vi krav til forsvarlege arbeidsforhold og rettane til arbeidarane i tråd med konvensjonane til ILO, Den internasjonale arbeidsorganisasjonen. Vi har no utvida med fire nye område, blant anna konvensjonen om rimeleg løn. Krava skal òg gjelde underleverandørar.

Svanemerket er å finne på stadig fleire plagg i norske butikkar og er med å vri produksjon og forbruk i ei meir berekraftig retning. Vi opplever stor pågang frå internasjonale produsentar og nordiske merkevareeigarar som ønskjer å svanemerke tekstil, særleg klede. Vi ser òg at mange forbrukarar er opptatte av korleis klesindustrien påverkar både menneske og miljø, og dei ønskjer at det skal bli lettare å ta gode val når dei handlar klede. Derfor er det viktig at dei nye krava våre er til hjelp for forbrukarar og innkjøparar og oppmuntrar industrien til å belaste miljøet mindre. Synest du dei nye forslaga til krav er for strenge eller for slappe? Vi høyrer gjerne frå deg.

Powered by Labrador CMS